"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

søndag 27. mai 2012

Photoshoot og sommaridyll ♥

Obs obs! Longt innlegg..... ;)
Som sagt i tidlegare innlegg, var eg i Tønsberg forrige helg på besøk hos ei venninne. Ein busstur i 3-4 timar for berre 159 kr ein vei er absolutt ikkje gale, og eg forsto fort at dette skulle eg ha gjort fleire gongar i år, når vi fyrst budde så nærme kvarandre! Reiseklare Miriam:
Framme hos Maria og Leon ♥
Photoshoot vert det alltid når vi jentene samlast! Og koselig er det! Vi er glade i foto og minner alle tre, og då vert det fort sånn
Her er nokre av bilda vi knipsa på stativ forrige helg når eg var i Tønsberg hos Maria og Kjersti.
Vi måtte bruke dei fine nye koppane til Kjersti! hihi...
 Nyte livet ♥
glad i desse jentene
 Lille Leon kom og sjarmerte oss!
Han ville også være med!

Vi var også innom ein veldig koseleg butikk i Tønsberg som heiter "Tretten". Der var mykje artig. Gamle ting og også litt nyare ting. Eg kjøpte meg nokre gamle muffinsformar i metall-stål lignande greier, som eg har telys oppi. 5 kr stk betalte eg for dei. Denne må du gå innom om du er i Tønsberg
Der var mykje vi falt for!

Ellers denne veka, så har eg hatt mine siste vikartimar som hiphop og jazz-lærar her i Kr.sand. Eine dagen då eg hadde tre timar hiphop-kurs etter kvarandre var det rundt 25-30 grader ute. Og vi var inne i eit lagerbygg-lignande oppi høgda uten aircondition. Det vart ganske så varmt! Eg tok egentlig eit bilde berre fordi eg var så insane raud i ansiktet etter desse timane, men det viste egentlig ikkje så godt på bilde.... :p Men ein kan sjå at eg ser ganske så sliten ut her!
Eg var litt stressa når eg kom til jobb denne dagen, og når eg kom ut og var ferdig, såg eg at eg ikkje hadde parkert så veldig bra.....Eventuelt parkert ganske bra....oops..

Har hatt nokre fantastiske dagar her i kristiansand med eit fantastisk sommarvæir! Sørlandsidyll på sitt beste! Vi i danseklassa driv med eit lite prosjekt, og denne dagen hadde vi det utruleg kjekt! Meir kan ikkje eg sei,men morsomt var det!
Henning og Maria
Og idag har eg vært inne i byen med desse to søtnosene....
..før vi avslutta dagen med å ligge nokre timar ned ved sjøen...

Vi går no straks inn i siste veka her i Kristiansand, og eg kjenner det er ganske så vemodig..
Vi satsar på at dette gode været fortsetter ut neste veke......




Klem
post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar